Fredlaus under blåskavlen

Fredlaus-omslag.jpg
Fredlaus-omslag.jpg

Fredlaus under blåskavlen

300.00

Korleis leve som fredlaus i vill vestlandsnatur? Kan ein mann utan rettsvern, dømt til fritt vilt for alle som måtte ønskje å sjå han død, greie seg gjennom tre harde år under Blåskavlen? Og kva med kjærleiken mellom to unge menneske; vil han trasse alle hinder og halde ut? Dette er historia om Egil Kjetilson frå eit småbruk i Skjerdal i Aurland. 

Romanen tek utgangspunkt i ei vandresoge som har vorte fortalt i generasjonar, og som no kjem ut i bokform. Forfattaren sat storøygd og stille saman med den store søskenflokken på heimestølen i Skjerdal, då han høyrde faren fortelje soga om «Kjetilson» den første gongen.

Og medan far fører forteljinga mot slutten, tetnar kveldsmørkret til utanfor vindauget i det vesle stølshuset. Dagen seier takk for seg - skumringstimen har enno ein gong skapt grobotn for sterke kjensler, fortetta spenning og dramatikk frå farne tider.. 

Quantity:
Kjøp boka her

Forfattaren Haakon Skjerdal er ein godt vaksen debutant (f. 1948), og i denne spenningsromanen haustar han av sine eigne erfaringar som jeger, fiskar og medmenneske, nøye tilpassa tida som handlinga i forteljinga er lagt til, seint på 1800-talet.

ISBN: 978-O2-690973-0-6
Forlag: Eigen utgjeving
Trykkeår: 2017
Utgjeven: 2017
Utgåve: 1