Bokdebut på Nynorske litteraturdagar

Haakon Skjerdal frå Aurland i Sogn har skrive romanen ”Fredlaus under Blåskavlen”, som tek utgangspunkt i ei vandresoge som har vorte fortalt i generasjonar. An-Magritt Lindtner og Jon Skjerdal har restaurert og pussa opp den gamle Låni i "Nigarden" til å bli ei framifrå ramme med tanke på å ta vare på og vidareutvikle den traderte forteljekunsten, som har djupe røter i Sogn. Torsdag 26. oktober sto Skaldegard pynta og klar til å feire boksleppet av spenningsromanen som ein tjuvstart på Nynorske litteraturdagar 2017.

Skaldegard ligg i hjarta av landskapet der forteljinga om hovudpersonen i boka, Egil Kjetilson, går føre seg i, og på boksleppet var det Johs B. Thue frå Balestrand som samtala med Haakon Skjerdal om boka.

Johs B. Thue i samtale med Haakon Skjerdal om boka.

Johs B. Thue i samtale med Haakon Skjerdal om boka.

Låni på Skaldegard var fullt til trengsel på boksleppet

Låni på Skaldegard var fullt til trengsel på boksleppet

WhatsApp Image 2017-10-27 at 12.35.58.jpeg
Jon Skjerdal leia boksleppet og informerte om restaureringa av Låni på Skaldegard

Jon Skjerdal leia boksleppet og informerte om restaureringa av Låni på Skaldegard